Biltema endeleg opning

Biltema endeleg opning

Lørdag 3. november åpnet dørene til Biltema Stord og arrangementet var intensivt og spektakulært. Hundrevis av mennesker hadde møtt opp for å ta del i seremonien. Vi ønsker å takke Arne Torget for engasjementet og for fremføringen av et fantastisk dikt som bidro til å skape god stemning på åpningen!

Endelig står nye Biltema parat
4000 deilige velfylte kvadrat.
Endelig står butikken ferdig
-med ein prosess som har vore ein konge verdig.

Det har vore eit gedigent folkeopprop
Kloke politikarar har jobba i hop.
Avslaget frå fylkesmanne si hand
Skapte eit stort engasjement i Sunnhordland.

Det har vore det største folkelege engasjementet i Sunnhordland i nyare tid
Med flammande innslag av politikk og poesi.
Fylkesmannen fekk slett ikkje sleppa fri
Dette fann me oss rett og slett ikkje i!

Det var beint fram fantastisk å sjå
Saka kom heilt opp på ministernivå.
Monica Mæland fekk det ikkje til å rime
Og Biltema på Stord vart berga i siste time!

Nokon har heva sitt kritiske blikk
Kva så, det er jo berre ein butikk!
Nei, det er ikkje berre ein butikk med klingande kassar
Det er næringsutvikling, lokalhandel og arbeidsplassar!

20 arbiedsplassar er redda og det kjeme fleir
Utbyggjaren er sikra oppgjer og kan byggja meir.
Fronta har bygd pragtbygget frå pukk og grus
Og Biltema kan flytta inn i eit etterlengta hus.

No ligg det her som eit handy menn og kvinners Taj Mahal
Det er mest som ein i stunda blir beint sakral
Nokon vil helst bli invitert til slottet på fest
For meg er det betre med ein dag på Biltema, Heiane vest!

Det er her eg vil kalla mitt rike
Med eit utval i butikken utan like.
Her kan eg vera både ein time og tre
Og ein dag skal eg reisa utan å ha kåno mi med.

For me menn bør helst ikkje gå inn åleina
Det er nett så å sleppa ein hummar inn i ei teina
Det blir beint fram overveldande for ein liten gut
Me kjeme oss inn, men finne aldri ut.

Her finn me alt til bilen, båten, huset og hagen
Det er berre å gratulera Stord, Fronta og Biltema med dagen
Det er den flottaste Biltema butikken i Norge 
-direkte frå Heiane, Arne Torget

Gjengitt med tillatelse fra poet Arne Torget